Tok bronse etter ekstraomgang
Begge deltakarane frå Os Taekwon-do klubb tok medalje i vestlandsmeisterskapen.
Os Taekwon-do klubb stilte med to utøvarar på treningssamling og vestlandsmeisterskap i Laksevåghallen i helga. I tillegg stilte klubben med Jan Rune Sund som dommar.
– Sjølv om vi berre var to utøvarar tok vi med oss medaljar heim til Os.
– Joachim Sjøbø deltok i mønster i klassa for raudt belte 16 - 17 år.
– Der plukka han med seg bronsen, fortel Jan Rune Sund.
Gjekk ekstraomgang mot vinnaren
I klassa for sparring menn + 29 år blei det ein spennande kamp for Roger Slettstrand.
– Han gjekk ein god kamp mot han som til slutt vann klassen.
– Det var så jamt at dei måtte ut i ekstraomgang for å avgjera kampen.
– Den enda med bronse til Roger, avsluttar Sund.