Tok bronse i nordisk
Noreg gjorde det skarpt i nordisk meisterskap i karate i helga. Åsmund Slettevold tar bronse med seg heim frå Sverige.
Regjerande noregsmeister Åsmund Slettevold tok i helga bronse i junior -76 kg i nordisk meisterskap i karate i helga.
– I fjor var Erlend Slettevold og Henrik Reed-Larsen frå Os med på seniorlaget som tok sølv i lagkamp. No var det veldig kjekt at Åsmund følgte opp med ein fin 3. plass i individuelt i år, seier hovudtrenar i Os Karateklubb, Cato Bruarøy.
Midtsiden har ikkje lykkast med å nå Åsmund søndag.
Meisterskapen blei arrangert i den svenske byen Kristianstad og var i år utvida med klassar for junior og kadett.
Noreg gjorde sin beste nordiske meisterkap nokosinne og reiser heim med 5 gull, 3 sølv og 11 bronse.
I tillegg til Noreg og Sverige var det deltakarar frå Danmark, Finland, Island Estland og Latvia.
I mai ventar EM på Tenerife.
Midtsiden samleside: Karate