Lokal | 04. aug. 2011

Tok dame på vassjet

Politirapport: Trafikkontroll, kvinne på vassjet og rusa mann med tjuvgods.

Tok dame på vassjet
Andris Hamretorsdag 04. aug. 2011 10:07

Omlag midt på dagen onsdag var politibåten "Kjølen" på vitjing i Os. I oshamna kom dei over ei kvinne i 30-åra på vassjet.

- Ho blei stoppa av patrulja og blei anmeldt for ulovleg køyring med vassjet, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Seinare på dagen greip politiet ein rusa mann i Os.

- Det viste seg at han hadde ein god del stjålne gjenstandar på seg då vi greip han.

Under ei ransaking hjå mannen fann politiet ytterlegare tjuvgods.

- Han blei satt i arresten og vil bli avhøyrd, seier Sperrevik.

Kontroll ved Vallebruo

I 18-tida onsdag kveld hadde patrulja frå Os lensmannskontor ein trafikkontroll ved Vallebruo i Hegglandsdalen.

- Vi kontrollerte 18 bilar og førarar som alle hadde alt i orden, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.