Øyatrimmen endar opp på den gamle tennisbanen på Kobbavågen. (Foto: Ståle Daae Børnes)

Tok ein trim for elevane

Øyatrimmen samla tett med folk på den gamle tennisbanen i Kobbavågen.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Årets versjon av Øyatrimmen var heldige med både vêret og kakemengda.

– I fjor hadde vi for lite, i år hadde vi trappa godt opp, og fekk faktisk ikkje delt ut alt, fortel Janne Rabben.

Ho er medlem i FAU ved Søre Øyane barneskule. Øyatrimmen er ved sidan av 17. maifieringa den viktigaste inntektskjelda for foreldreutvalet.

– Pengane som kjem inn går til tiltak for elevane, og oppslutnaden er god.

Natursti med vanskeleg finale

Øyatrimmen startar på snuplassen på Røtinga, og på veg til tennisbanen nær stupetårnet i Kobbavågen er det natursti med 15 oppgåver. Sal av oppgåveark gir inntekt til FAU.

– I tilfelle det er mange med like mange rette svar, har vi ei bonusoppgåve til slutt. Denne er vanskeleg, i år var det å tippa mengde perler på eit glas. Den som kjem nærmast vinn.

Før marsjen starta har bord, drikke og kakefat blitt køyrd til Kobbavågen med båt. Etter ei sosial stund på tennisbanen er det retur, men det er ikkje lenge til neste tur.

– Fredag er det turmarsj. Då går inntektene til Redd Barna, fortel Janne.

Ho har førebels ikkje oversikt over kor innbringande gårsdagen blei.

– Det var ein del vekkreist på fotballkampar, men det var bra oppmøte likevel.

Fleire saker