(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tok to fartssyndarar - fekk klage på tre festar

Fekk melding om støy både klokka 19 om kvelden og 06 om morgonen.

Kjetil Vasby Bruarøy
04. mai 2020 - 9:42
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Natt til laurdag fekk politiet melding om feststøy i Os og samling av russ i Ervikane.

Også laurdag kveld og natt til søndag kom det klage på feststøy.

– Klagane kom klokka 19.10, 23.50 og 06.15, og handla om ulike festlege lag, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ingen av festane skal ha hatt for mange deltakarar i forhold til smittevernreglane, men naboane reagerte på høg musikk og støy frå fulle folk.

Tok to fartssyndarar laurdag ettermiddag

Laurdag klokka 16.35 blei ein bil målt til 68 km/t på Hegglandsdalsvegen.

Bilførar, ei kvinne i slutten av 20-åra, fekk forelegg på 5.500 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Ein time seinare blei ein annan bil målt til 62 km/t på same stad. Bilførar, ein mann i 30-åra, fekk 3.800 kroner i forelegg og to prikkar på førarkortet.

Også fredag var det fartskontroll på Hegglandsdalsvegen. Då blei det tatt tre fartssyndarar

Les meir om

Lokal Politi