Tok fire NM-medaljar
Armin Palislamovic forsvarte NM-tittelen. I tillegg blei det sølv og to bronse på andre utøvarar frå Os.
Bildeserie:
Os Karateklubb stilte laurdag med åtte utøvarar i karate-NM, som i år blei arrangert i Haukelandshallen i Bergen.
Fire av dei fem som tok gull i fjor var klare for å forsvara tittelen og for Armin, som deltar i kadett (14-15 år), blei det nok ein gullmedalje.
– Armin var suverén i fjor og han var like overlegen i år, fortel coach, sensei Cato Bruarøy.
I tillegg tok Elena Andrés sølv i klassen damer senior, og Amanda Njøten (+59 kg) og Armin sin storebror Aner (-68 kg) tok bronse i junior (16-17 år).
– Aner gjekk uavgjort i første kamp og tapte på dommaravgjerd. Men han fekk heldigvis sikra seg bronse i kampane som følgte.
Åsmund tapte med eitt poeng
Landslagsutøvar Åsmund Slettevold møtte som venta tøff motstand i landslagskollega Tobias Opso, som nyleg har gått ned frå tungvekt til -84 kg.
– Dette er kanskje første konkurranse Åsmund ikkje tar medalje i. I fjor imponerte han med bronse i seniordebuten, i helga blei det dessverre stang ut og tap med eitt poeng.
Vegard fekk ikkje forsvara tittelen
Vegard Gjøsund, som vann shobu ippon (eigen klasse der førstemann som tar poeng vinn), gjorde det bra i ordinær kumite, men tapte bronsefinalen på dommaravgjerd etter uavgjort etter full tid.
Bronsefinalen tapte han for Martin Sæterhaug frå Mo i Rana, som studerer i Bergen og trener i søster-klubben Os.
I shobu ippon skulle Vegard forsvara tittelen, men han og fleire andre favorittar fekk ikkje delta grunna noko som blei oppfatta som rot av arrangørane, der klassen gjekk parallelt med andre og dei var opprop med 30 sekund frist på å stilla til start.
– Dei som klarte fristen fekk ein ganske amputert konkurranse, fleire veldig gode deltakarar rakk ikkje denne, inkludert Vegard.
Treffsikre jenter
Tiril Skønberg Haaland har vunne mange lokale stemne og tok NM-gull i fjor.
– Det siste året har det blitt litt mindre trening og konkurranse. Tiril er likevel i god form, men klarte ikkje å koma seg på pallen i år.
Men det gjorde klubbvenninnene Amanda i juniorklassen og Elena i senior.
– Amanda gjekk veldig bra, men fekk ein trepoengar imot i semifinalen og klarte ikkje å henta inn igjen leiinga. Dermed blei det bronse.
– Elena har ikkje konkurrert i så mange år, men har på kort tid blitt veldig god. I finalen blei det tøff motstand, seier Bruarøy om sølvvinnaren.
På kampsport.no kan du sjå alle resultata frp karate-NM 2014.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.