Sport | 12. apr. 2015

Tok kvar sin medalje i nordisk

Karatelandslaget har få utøvarar frå Vestlandet, men alle dei tre frå Os tok medalje i Reykjavik.

Tok kvar sin medalje i nordisk
Henrik, Amanda og Armin med kvar sin medalje frå nordisk meisterskap på Island. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. apr. 2015 07:33

Laurdag blei nordisk meisterskap i karate (allstyle) arrangert på Island. Noreg reiste med heile 32 utøvarar i senior, junior og kadett.

Troppen består av berre seks vestlendingar, halvparten av desse er frå Os mens dei tre andre er frå Haugesund og Stavanger.

Mens Amanda Njøten og Henrik Reed Larsen var 2 av 17 norske seniorar, var Armin Palislamovic frå Os Karateklubb 1 av 6 kadettar frå den norske troppen.

– Henrik har vore med i nordisk før, mens eg og Armin var debutantar, fortel Amanda Njøten, som i mars blei Os sin første kvinnelege utøvar med svart belte.

Bronse og sølv

Yngstemann Armin var suveren i første kamp. Han tapte for ein av finalistane, men vann også bronsefinalen.

– Mine kampar var jamnare, fortel Amanda, som også fekk bronse i sitt første nordiske meisterskap.

Henrik rauk ut i første kamp, men var del av laget som stilte i lagkamp.

Der blei det, som i 2011, sølv på Noreg og Henrik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.