Lokal | 04. apr. 2020

Tok lappen frå både bilførar og passasjer

Tatt med promille, utan førarkort, mens bileigar sat på.

Tok lappen frå både bilførar og passasjer
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. apr. 2020 07:32

Fredag kveld litt før klokka 21 blei ein bilførar kontrollert i Hagavik.

– Han bles til over lovleg promillegrense og blei tatt med til legevakt for blodprøve, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Vedkomande, ein mann i midten av 20-åra, har ikkje gyldig førarkort. Han blir meldt for både promillekøyring og køyring utan gyldig førarkort.

Bileigar, ei kvinne i 40-åra, var passasjer. Ho er meldt for å overlata bilen sin til ein påverka person utan førarkort. Det blei tatt beslag også i bileigar sitt førarkort.

Politiet vil ikkje seia om dei to er i slekt, men stadfestar at dei er frå same husstand, og at det dermed er lite tvil om at kvinna visste at bilførar ikkje hadde førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.