Lokal | 10. mars 2014

Tok lastebil med tilbake

Då dei stoppa ein utanlandskregistrert lastebil med skrap ville politiet ha bevis på at metallet ikkje var stole.

Tok lastebil med tilbake
Politiet hadde fleire trafikkontrollar søndag, blant anna i Hjellemarka. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 10. mars 2014 08:52

Søndag hadde politiet trafikkontroll med promilletest på Strønevegen og på Søre Neset, utan å dela ut anna enn eitt gebyr, før dei i 11-tida stilte seg opp i Hjellemarka.

– Her stoppa patruljen ein italiensk lastebil med tre rumenarar om bord. Bilen var fylt med diverse skrapmetall, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dei tre skal ha forklart at dei jobbar i eit firma som driv med henting og levering av skrapmetall, men politiet ville vera sikker. Dermed måtte dei kjøra tilbake der dei hadde henta metallet.

– Det viste seg at det stemte, dei hadde fått varene dei hadde om bord. Men det er greit å sjekka, for vi får ein del meldingar om snoking og liknande når folk i denne bransjen er på tokt.

Innbrot var familiemedlem

I 1-tida i natt fekk politiet melding om innbrot i ein bustad på Halhjem.

– Vi rykte ut med fleire einingar, men etterkvart viste det seg at vedkomande som var på veg inn i huset budde der.

Han hadde knust eit rute for å ta seg inn i eigen heim, og politiet returnerte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.