Lokal | 04. juli 2010

Tok lommetjuv

Ein «fjortis med bart» prøvde å stela kredittkort, men blei overrumpla av to handlekraftige jenter frå Øyane.

Tok lommetjuv
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. juli 2010 07:48

Dei sat saman med venar på Opus, og trudde dei kunne gå frå veskene sine ei kort stund. Men då dei kom tilbake til plassen var gjengen vekke og ein ukjent mann sat ved bordet dei kort tid i forvegen hadde gått ifrå.

- Eg oppdaga at kortet mitt, som låg i veska, var vekke. Samstundes såg venninna mi at ho var både lommebok og mobiltelefon i manko.

Heldt han fast
Damene, som er i slutten av tjueåra, stivna ikkje til av frykt eller sinne.

- «Det var han!» sa vi nesten i kor, og gjekk på han frå kvar si side. Eg heldt nevane hans medan venninna mi sjekka lommene.

Kortet blei funne og mannen prøvde først å nekta, men strauk så på dør.

- Han forsvann raskt, litt for raskt, for venninna mi fann ikkje sakene sine før han fòr. Etterpå fann ho lommeboka si, men mobilen er framleis sakna.

«Fjortisen» forsvann
Dei to damene sa ikkje frå til vaktar eller politi om tjuveriet, som fann stad på Opus førre helg.

- Eg trur ikkje eg har sett syndaren før, men ville nok kjent han igjen om eg såg han no. Han såg ung ut, som ein fjortis med bart. Og så gjekk han med caps, fortel den av damene som fekk kortet sitt igjen.

- Men eg er glad eg fann kortet mitt igjen, eg mister det så ofte at det er ingen som hadde trudd meg om eg sa at det hadde blitt stole.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.