Tok mann med joint i lomma
Politiet: Grisekjøring i Hegglandsdalen, lusking på Nore Neset og rusa folk i Os sentrum.
Torsdag i 13-tida tok politiet ein person som blei mistenkt for å miksa ulovleg stoff i tobakken sin.
– Han er meldt for bruk. Vi var også på ransaking hos vedkomande, ein mann i 20-åra, utan å finna meir cannabis, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Ein time seinare blei eit par andre rusa personar vist vekk frå sentrum.
– Vi fekk dei på bussen og ba dei halda seg unna offentleg rom.
Reagerte på aggressiv kjøring
I 19-tida torsdag ringte ein person til politiet for å varsla om grisekjøring på Hegglandsdalsvegen.
– Ein svart og grå bil kjørte med enorm fart frå krysset ved Hatvikvegen og innover Dalen, fortel meldar.
Politiet fann ikkje bilen. Men to andre bilar, som skulle vore EU-godkjent, blei avskilta.
Kjente på bildører
I 5-tida natt til fredag fekk politiet tips om ein mann og ei kvinne som gjekk langs Lepsøyvegen på Nore Neset og kjente på bildører.
Patruljen var ikkje ute på meldinga.