Sport | 21. apr. 2012

Tok poeng borte

Tim er nøgd med spelet, men ikkje resultatet i dagens bortekamp mot Åkra.

Tok poeng borte
Preben Borgen i heimekampen mot Åkra i fjor. Den enda 1-0, i dag blei det 0-0. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 21. apr. 2012 18:41

Etter knepen siger over Bjarg i serieopninga spelte Os i dag sin første bortekamp for sesongen.

I fjor blei det 1-0-siger heime og 1-1 borte mot Åkra, i dag blei det mållaust.

Åkra - Os 0-0

– Dette var absolutt ikkje ein kamp som skulle blitt mållaus, synes Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

Han fortel om store sjansar begge vegar.

– Vi styrte spelet og skapte mykje. I periodar spelte vi veldig fint.

– Åkra kom på nokre overgangar og kom seg åleine med keeper to gongar. Begge gongar hadde Kloven matchvinnande redningar, seier Sperrevik.

Os: Anders Kloven - Torkel Hjertnes, Stian Lunde, Fredrik Heggland, Vegard Engelsen Moberg - Mats Lepsøe (Ramo Racic), Tore Valvik, Simen Lassen, Erik Kanestrøm - Preben Borgen - Christer Olsen.

I morgon speler Os 2 heime mot Fusa klokka 16.

A-laget sin neste kamp er heime mot Stavanger neste laurdag klokka 16.

Etter det ventar 1. NM-runde som går mot Åsane på Kuventræ onsdag 2. mai klokka 18.

Sjå oppsett/tabell, 3. div avd 7

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.