Sport | 12. feb. 2017

Tok to poeng på Frøya

Bring-jentene til Os og Nore Neset med to poeng på langturen til Frøya.

Tok to poeng på Frøya
Regine Steen og dei andre Bring-jentene til Os tok med seg to poeng heim frå Frøya (arkivfoto: AH)
Andris Hamresundag 12. feb. 2017 11:42

Denne helga har J16-spelarane frå Os og Nore Neset som saman utgjer Os-laget i den nasjonale Bringserien vore på langtur til Frøya i Trøndelag. Med fly til Trondheim og tre timars busstur ut i havgapet venta tre tøffe motstanderar i Lisleby, arrangørklubben Frøya og Byåsen på dei gulkledde. Før avreise fortalde trenarteamet at dei håpa på fire poeng på dei tre kampane.

– Vi starta mot Lisleby og går på eit unødvendig 21-25 tap. Hadde vi spelt som vi skal og bør, så hadde vi tatt dei, men vi kjem to mål bak og får ein spelar utvist. Den perioden tapar vi med ytterlegare to, slik at vi hamnar fire bak. Det klarer vi aldri å henta inn att, oppsummererar Trond Budal, ein av dei tre trenarane for laget.

Keeper Amalie Evensen blei kåra til Os sin beste spelar i kampen.

– Vedlig positivt i kampen er at alle utespelarane kjem på skåringslista. Det er ikkje mange lag som opplever.

Poeng om arrangørane

Laurdagens andre kamp gjekk mot arrangørklubben Frøya. I starten av kampen slit Os med det offensive forsvaret til vertane og ligg under 10-13 til pause.

– Vi får ein god prat i pausen og får justert oss. Bakover står vi veldig bra og slepp berre inn fem mål på 25 minutt. Det gjer at vi får kontroll på kampen og vinn 24-18.

Ayleen Hagen blei kåra til Os sin beste spelar.

Hang godt med

Rundens siste kamp gjekk mot juniorane til eliteserielaget Byåsen.

– Byåsen har to gode sidebackar som vi må vera tøffe ute på. Får vi stoppa dei på 9-10 meter kan vi laga trøbbel for dei. Vi har lagt ein plan for kampen, fortalde Budal laurdag kveld.

Lenge såg det ut til at Os skulle lykkast med planen, men dei to nemde backane var skotfarlege i ankomsten og vanskelege å få has på. Os hang bra med i starten av kampen, men etterkvart dreg Byåsen frå og leiar 12-17 til pause.

Starten av andre omgangen blir prega av to lag som vil helde høgt tempo. Os bit seg fast fire-fem mål bak Byåsen, men etterkvart går det tomt for krefter og Os må sjå seg slått 27-36.

Os sin beste spelar, kåra av ein lokal jury blir Emma Sælen Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.