Lokal | 26. sep. 2012

Tok råkjørar

Politiet stoppa bilen dei meiner dreiv med råkjøring i Hegglandsdalen laurdag, og ber samstundes om fleire tips.

Tok råkjørar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. sep. 2012 09:18

Laurdag formiddag fekk politiet melding om ein gul BMW som kjørte i høg fart i Hegglandsdalsvegen.

Tysdag i 22-tida blei det politiet meiner er same bilen stoppa i Os sentrum.

– Bilen blei avskilta og førar er mistenkt for uaktsam kjøring, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Bakgrunnen for avskiltinga har vi ikkje fått, årsaka til at føraren er mistenkt for uaktsam kjøring er fleire meldingar frå publikum.

– Og vi er interesserte i yttarlegare opplysingar, om andre har sett noko, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.