Tok sin første heat-siger
For to veker sidan fekk ho sin første finaleplass, i helga var Karoline Breivik eit lite uhell ifrå å vinna C-finalen.
Karoline Breivik, som byrja å kjøra bilcross etter å ha fått bil i konfirmasjonsgåve i fjor, gjer det stadig betre på banen.
I Vikedal for to veker sidan fekk ho sin første finaleplass, i Valdres førre helg var ho éin plass frå å kjøra C-finale og på heimebane på Eikås i helga tok ho sin første heatsiger.
– Sjølv om eg øydela hjulstillinga i finalen er eg veldig nøgd med helga, seier Karoline.
Ho låg an til å vinna C-finalen, og dermed få plass i B-finalen for første gong, men så kom ho borti autovernet og skadde bilen.
Derfor blei det 13. plass av 28 startande.
– Heilt rått
Bestefar, coach og motocroskjørar Håvard Gåssand er imponert over Karoline sine prestasjonar.
– Ho tok 2. plass i første heat, 1. plass i andre heat og så ein 5. og 4. plass i dei to siste. Det var heilt rått å sjå.
Og Karoline er framleis ein god startar.
– Jenter generelt er flinke å starta og Karoline tar omtrent kvar start. Til og med om ho får åtvaring for tjuvstart, og i startforsøk nummer to risikerer å bli diska, så stoler ho på timinga si og stikk avgarde først ut i neste start òg.
Håvard får no litt å skru på før Karoline kan reisa til Eikås og trena til haustsesongen.
– Eg får skaffa oss ein delebil så skal vi få ordna dette til sesongen startar igjen.