Næringsliv | 15. okt. 2019

Tok sluttpakke og gjekk i land

No har Ole Møller fått god sving på «slangeselskapet» sitt.

Tok sluttpakke og gjekk i land
Etter over 30 år på båt starta Ole Møller eige selskap for å jobba på land. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. okt. 2019 18:59

Ole Møller har jobba på båt i over 30 år, dei siste 26 åra innan seismikk for PGS. Med god ansiennitet var han ikkje den som hadde størst sjanse for å mista jobben då oljeprisen i 2015 stupte, men han takka likevel ja til ein sluttpakke.

– Eg saknar naturlegvis dei lange friperiodane, men samtidig set eg pris på det å alltid vera heime. No får eg på ein annan måte sjå kva eg har gått glipp av desse åra eg har vore til havs, seier Ole.

Han tenkte tida var inne for å gå i land. Samtidig hadde han gått med ein gründer i magen nokre år.

– Eg hadde det ikkje travelt, eg hadde mange nok månadar med etterlønn til at eg kunne vera heime og ha fri ei god stund. Men eg ville starta for meg sjølv med noko avdet eg likte aller best med førre jobb, slangar og hydraulikk.

Mobil verkstad klar for hasteoppdrag

Møller hadde ein del utstyr frå før, sånn at han kunne fiksa ting for seg sjølv og venar når han var heime på fri. Men hausten for eit år sidan trappa han opp.

– Eg starta selskap og kjøpte firmabil som eg innreia til å bli ein mobil hydraulikkverkstad. Det er ikkje så mange sånne frå før.

– Når det ryker ein slange, anten det er på ein båt, ein lastebil eller ei gravemaskin, då hastar det som regel, legg han til.

Brei kundegruppe

Første kunde kom same dag som organisasjonsnummeret landa i postkassen. Det var eit større transportselskap med fleire titals lastebilar.

Lokalt heime i Øyane er det òg ein marknad, frå store til små fiske- og arbeidsbåtar.

– Eg har stort sett hatt oppdrag kvar dag, men det svingar litt, frå eit kjapt slangeskift lokalt til oppdrag spreidd i kvar sinenede av fylket.

Etter ein svingande vår og ein noko roleg sommar har det stabilisert seg på eit høgt nivå. Dessutan har ein ny og større oppdragsgjevar kome på banen.

– Vi har inngått ein samarbeidsavtale som trer i kraft om kort tid. Den kjem til å gi ganske store oppdragsmengder. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å driva firmaet mitt åleine, men vi får sjå korleis det går dei første månadane, om eg blir nøydd til å tilsetja nokon, seier Møller.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.