Trippelsalto Tom-André Hjelle 2014

Dette har aldri blitt gjort før!

VIDEO: Sjå Tom-André Hjelle ta trippel salto, den første som er framført for publikum i Oshallen nokosinne.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

For tre veker sidan klarte han det for første gong, på trening på trampetten i Oshallen. Tom-André Hjelle tok trippel salto.

I dag gjorde han det for andre gong, den første trippelen som er vist for publikum i Oshallen.

– Det var så mykje skriking i hallen at eg høyrde ikkje då Nils Petter gav signal om at eg var rundt, så eg over-roterte litt, seier Tom-André.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

– Nils Petter pusha meg, han meinte eg ville klara det, seier den spretne 20-åringen om årsaka til at han prøvde seg på trippel på trening tidlegare i haust.

– Når du har sånn roen som han har på pikert dobbelsalto, med den høgda og rotasjonen Tom-André har, så er det berre det å våga det står på, seier Nils Petter Pedersen.

Hjelle gjorde det for første gong i turnkassen i Bergen i 2010, men på trampoline på tjukkas er litt annleis.

– Vi har heldigvis fått tak i ei veldig god trampoline, tilsvarande den som blei brukt i førre EM. Til trippelen justerer vi den litt opp så Tom-André får ei bratt stiging. 

– Éin av få som klarer det

Han var tidleg ute, kanskje den første i Noreg til å ta trippel salto, trampett-instruktør Nils Petter Pedersen frå Os som tok tre rundar i lufta på 80-talet.

– Det er mogleg det var nokon før meg, men eg kjente den gong berre til eit par danskar som kunne det same, fortel han.

Saman med Ole Brakstad, som også kom seg nesten rundt på trippel, stupte dei over eit tau fire meter opp i lufta i trampett-konkurransar.

Men trippel salto var ikkje lov å ta på stemne, det blei sett på som for farleg.

– Eg trur dei har lempa på det no. Men eg veit ikkje kor mange som klarer det. Det er nok eit par av dei på landslaget som tar trippel, men Tom-André er ein av få i landet som klarer dette.

VIDEO: Sjå Tom-André Hjelle si oppvarming og den historiske trippelsaltoen i Oshallen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

 

Fleire saker