Lokal | 06. mai 2009

Tom sidan oktober

Hos Meny har dei vore tom for sekkar til plastavfall sidan oktober. BIR lovar at sekkar er på veg.

Tom sidan oktober
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. mai 2009 10:37

I går fekk midtsiden.no eit lesarinnlegg frå Per Gravdal, som er irritert etter ikkje å ha funne sekkar for plasavfall i nokre av dei åtte butikkane han leita i. BIR skreiv i sitt eige magasin, Bossanova, at sekkane skulle vera på plass 4. mai, men 5. mai var dei altså vanskelege å finna.

- Vi fekk ei palle til utdeling då kampanjen starta i august. To månadar etterpå var vi tom. Mange har spurt etter sekkar i vinter, og etter at det blei annonsert at nye sekkar var på plass har det tatt heilt av, seier butikksjef i Meny i Industrivegen, Jahn-Ingolf Lyssand.

- Kundane blir skuffa, og dei tilsette i butikken synes ikkje det er kjekt. Folk forstår sikkert at ikkje det er vår feil, men det kjennast likevel ut som om det er vi som er syndebukken.

Lyssand meiner sekkane burde vore levert i bosspannet ved henting, i staden for å bruka butikkane.

- Dette er ein gratisteneste frå oss, men vi har ikkje kontroll med kven som tar sekkar eller om dei tar éin eller fire. Eg synes det er rart at ikkje BIR leverer sekkane sjølv når dei er ute på ruta si.

- Plastpressa de skreiv om i førre veke har eg stor tru på, legg Lyssand til.

- Sekkane kjem
Informasjonskonsulent hos BIR, Kjersti Mjømen, seier begge Rema 1000-butikkane i Os har hatt sekkane i ei veke, men beklagar at ikkje dei andre butikkane har fått dei enno.

- Leverandøren vår har blitt forseinka, men sekkane er på veg. Eg har snakka med kjedekontora til Prix og Rimi, og dei er klare til å kjøra ut sekkande denne veka, seier ho.

Gravdal seier Rema 1000 ikkje hadde sekkar i går, og meiner BIR burde ha annonsert forseinkinga. Han har til og med sendt annonseprisane til Os & Fusaposten til BIR. Den økonomiske kompensasjonen han i går ba om, ber han BIR gje til Frelsesarmeen eller Røde Kors.

- Kan det bli aktuelt å gje kompensasjon?

- Det blir vanskeleg å gje kompensasjon for bilkjøring og tid, så lenge vi har sekkane på stasjonen vår i Kolskogen. Men vi vil snakka med Gravdal og vi håpar å bli samd med han om noko, seier Mølmen.

- Kjem de til å vera meir varsam med datoar i framtida?

- Vi er veldig lei for at vi blei forseinka, men håpar at vi i framtida kan vera presis, at det går an å koma med datoar som vi og våre leverandørar klara å halda.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.