Tømde pulverapparat i tunnel
Politirapporten: Vandalar tømde brannsløkkingsapparat i Mobergstunnelen. - Vi har nokre namn å gå etter, seier politiet.

Natt til sundag fekk politiet melding om at vandalar hadde tømt eit brannsløkkingsapparat som hang i Mobergstunnelen inne i tunnelen.
- Dei sløkte ikkje ein bilbrann, men dreiv berre med tullfakter, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.
Politiet har fått tips om nokre namn, men ønskjer at folk som har sett personar komma gåande ut av tunnelen eller som har andre opplysningar om å kontakta politiet.
- Det beste hadde vore om dei som gjorde det melde seg sjølv.
- Vi kjem til å følgje opp saka, fortel Sperrevik.
Har du tips eller opplysningar kan du kontakta lensmannskontoret på 56 30 39 00.