Næringsliv | 08. jan. 2010

Tomt for ved?

Den lange kuldeperioden gjev rekordsal av ved, men i Os er det framleis mogleg å finna noko å kasta i omnen.

Tomt for ved?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. jan. 2010 10:00

Fleire av plassane som sel ved i Os har gått tom, men nye forsyningar er på veg. Meny i Industrivegen, som sel tunnelltørka ved frå Latvia, får inn meir over helga, og Byggern får påfyll frå lokal vedprodusent.

Også Esso-stasjonen, som får ved frå Askøy, og Rema 1000, som får ved frå Hardanger, har meir igjen.

- Men det går unna, og eg veit ikkje om vi klarar å skaffa meir når det er tomt, seier Trond Hope hos Rema 1000 Kuvenstasjon.

Har 600 storsekkar igjen
Helge Bøe, som skal levera påfyll til Byggern, er truleg den største vedprodusenten i Os. Han har også meir igjen.

- Men du er heldig som kjem gjennom på telefon til meg, for å seia det sånn.

Bøe sel ved i 1000-liters sekkar, på paller. Han har 600 slike storsekkar, som tilsvarar 200 mål, igjen på lager.

- Men det ryker desse vekene her. Normalt sel eg 500 mål i året, og hadde det ikkje vore for at eg produserte dobbelt opp i forfjor så hadde eg vore tom no, seier han.

Kjøper tidleg
På spørsmål om han har nok skog til å halda oppe ein slik produksjon svarar bonden Helge Bøe at han også kjøper tømmer, frå bustadfelt i kommunen og nabokommunane, og frå Vestskog.

- Kor tid startar sesongen for sal av ved?

- Eg har halde på så lenge no at eg sel om lag heile året. Mange har byrja å kjøpa ved tidleg på året for å tørka sjølv, så mykje av veden som held folk varme i dag blei selt i mars og april i fjor, seier Bøe.

Reddar straumnettet
Utan vedfyringa ville det norske straumnettet kollapsa.

- Den langvarige hardkulda over store delar av landet har dokumentert kor viktig vedomnar og vedfyring er. Trass i statlege støtteordningar og intens marknadsføring av oppvarmingssystem som luft til luft varmepumper og pelletsomnar, er det ved og vedfyring som verkeleg monnar i lange kuldeperiodar, seier fagsjef Øyvind Stranna Larsen i Norsk Ved.

Onsdag 6. januar sto straumledningane og dirra i Noreg. Mellom klokka 8 og 9 om morgenen blei det sett ny forbruksrekord med 23 958 MWh. Denne morgonen mista også mange i Os straumen grunna overbelasting.

- Heldigvis var det svært mange som kjøpte inn ved i haust, og som derfor har god varmeberedskap. Dagens situasjon kan nok vera ein liten påminnar om at vedkundane helst bør kjøpa inn veden i god tid for vinteren set inn, legg han til.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.