Sport | 01. sep. 2016

Tømte boss der ny motocross-bane skal byggast

Os MC og MX-klubb fortviler over ulovleg dumping av avfall. – Vi har nok å gjera på om ikkje vi skal rydda etter andre, seier formann Jane Espeland.

Tømte boss der ny motocross-bane skal byggast
To gongar den siste veka er det dumpa store menger boss i Kolskogen, der det no skal koma ny motocrossbane. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 01. sep. 2016 07:58

Vegen mot ny bane har vore lang for Os MC og MX-klubb, men i vår kom også støtte og den kommunale garantien og klubben er no i gang med det praktiske arbeidet.

– Den siste tida har vi jobba med å staka ut traseen, denne blei vedtatt i styret torsdag kveld, fortel formann Jane Espeland.

Mens representantane for klubben har tråkka terrenget der utvidinga av banen kjem, har dei denne veka oppdaga store mengder ulovleg dumpa avfall.

– Måndag oppdaga vi det første lasset, det har truleg blitt dumpa der i helga. Torsdag hadde det kome påfyll.

Ber om tips

Espeland trur ikkje dei som har dumpa avfallet har visst at dei saboterer for eit idrettslag.

– Men dei har nok visst at dette ikkje er rette staden å kvitta seg med avfall.

Ho har éi oppfordring: – Kom og rydd etter dykk!

Samtidig håper klubben på tips, i tilfelle syndaren ikkje melder seg.

– Vi har funne noko papir som kan vera med på å avdekka kven dette er, blant anna ein ordreseddel frå Montér på Knarvik og ein signatur. Det blei òg funne nokre tomme esker med polske sigarettar.

Byggestart i haust

Mens klubben håper at dei slepp å rydda etter andre har dei nok å gjera på med arbeidet med ny bane.

– No skal ein arkitekt, ut frå løypa vi har staka ut, laga arbeidsteikningar som entreprenørane kan grava etter.

– Samtidig er vi godt i gang med søknaden om tippemidlar. Vi har fått løyve til å starta, sjølv om vi framleis ventar på både kontrakt og dokumentasjonen på den kommunale garantien.

– Byggestart er ikkje så langt unna, men det er veldig mykje som skal på plass også etter at vi er i gang.

Kor tid banen står ferdig er for tidleg å seia.

– Om alt går på skjener, og om vinteren ikkje hindrar arbeidet for mykje, er det mogleg at det kan køyrast på banen til sommaren, utan at alt rundt er ferdig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.