Lokal | 05. des. 2009

Tømte pulverapparat

Ein garasje og fleire bilar blei utsett for hærverk natt til laurdag.

Tømte pulverapparat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. des. 2009 15:35

Bildeserie:

1 av 4

Han fekk seg ei overrasking, mannen som opna den låste fellesgarasjen på Gudriflaten laurdag morgon.

- Heile garasjen og alle dei 6-7 bilane som sto der var dekka med kvitt pulver, fortel sonen.

Eit tomt brannsløkkingsapparat ligg igjen i garasjen.

Han merka sjølv noko rart lys utanfor huset då han la seg i 2-tida i natt, og fortel om ein nabo som høyrte bråk i 4-tida.

- Dei må nok ha hatt kode eller nøkkel for å ta seg inn i den låste garasjen, fortel han.

Sikra spor
Operasjonsleiar Bjarne Flokenes i Hordaland politidistrikt fortel at dei fekk melding om hærverket klokka 11.40.

- Vi har førebels ingen mistenkte, men patruljen har vore på staden og sikra fleire spor, seier Flokenes.

- Spyl av med vatn
Nokre av bileigarane skal ha vore usikre på korleis pulveret skulle fjernast utan å gjera skade.

- Får du pulveret i elektronikken må bilen inn på verkstad. Men bilane skal vera tette, så pulver som ligg på utsida er berre til å spyla vekk med vatn, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.