To toppkampar

Både Os og Os 2 kan møta god motstand i bortekampane i helga. Her er troppane dei stiller med.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I vår var det jamt første halvtimen mellom Os og Lyngbø, men så endra heimelaget taktikken litt og skåra fire mål på 13 minutt.

Sidan sist har Os vunne alle sine kampar. Lyngbø har berre tapt for Trio og Tertnes utanom Os, men har spelt uavgjort heile fem gongar. I førre runde spelte Os sin motstandar 2-2 mot Voss borte.

- Dette blir som kampen mot Løv-Ham 2 ein test på nivået som ventar oss i eventuelle kvalifiseringskampar til opprykk. Lyngbø har hatt ein god sesong til no, og har berre eitt tap på heimebane før dei får oss på besøk, seier Os-trenar Frank Hellevik.

Os tronar øverst på tabellen 13 poeng framfor Tertnes medan Lyngbø ligg på 3. plass 16 poeng bak Os før kampen laurdag.

Desse spelar for Os frå start (4-3-1-2): Halvard Enes, Anders Glesnes, Einar Algrøy, Vegard Borgen, Remi Osebakken, Frode Buvik, Tore Valvik, Stian Lunde, Preben Borgen, Ramo Racic og Tim Henrik Sperrevik.

- Vi har mange jamne å ta av, så jobben med å ta ut 11 til start er vanskeleg. Det er eit luksusproblem, og vi sjonglerer litt så vi får heile gruppa med oss ut hausten og fram til den avgjerande sluttfasen, seier Hellevik.

Os 2 går for 2. plass
Andrelaget til Os har vunne fire av dei fem siste kampane, og ligg no på 4. plass i 4. divisjonsavdelinga si med 28 poeng på 14 kampar.

Topplaget Øygard har 39 poeng, men på 2. plass ligg Ny-Krohnborg med berre tre poeng meir enn Os 2.

Og Ny-Krohnborg er Os 2 sin neste motstandar, på bortebane sundag.

Med siger klatrar Os 2 til topp tre. Valestrand-Hjellvik med 30 poeng slår truleg Rosendal og aukar i så fall frå 30 til 33 poeng.

Det er førebels ikkje bestemt kven som startar for Os 2 sundag, men her er troppen:

Anders S. Strønen, Marcus Dalland, Baste Jonassen, Dani Bergstø, Per Søgnen Merai, Mats Lepsøe, Vegard Leikvoll Moberg, Torkel Hjertnes, Erik Kanestrøm, Christian Almeland, Christer Olsen, Espen Valvik, Sven Lyssand og to til tre spelarar frå juniorstallen.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11