Toppmøte i Oshallen
Handballherrane til Os avsluttar haustsesongen med to toppkampar på heimebane. I morgon går den første, mot Gloppen.


Os ligg med berre eitt tap på 4. plass på tabellen etter 7 spelte kampar. Dei to siste kampane i år går begge på heimebane, mot laga på dei to øvste plassane på tabellen.
- I morgon kjempar vi om 2. plassen, og vi stiller med alle speleklare mot Gloppen, seier Leif Idar Røen.
Alle utanom Ove Lyssand, som framleis ikkje er på banen etter skaden han fekk i fingeren tidlegare i haust.
Gloppen har berre eitt poeng meir enn Os. Røen reknar med at forsvarsarbeidet blir ekstra viktig i morgon.
- Vi har henta inn litt rutine i forsvar. Gloppen har nokre gode enkeltspelarar, så dei må vi ta skikkeleg hand om. Elles trur eg det blir viktig for oss å kjøra vårt spel på heimebane, vi vil ha tempo både med ball og på kontra.
Innats er han ikkje redd for at det skal mangla på.
- Gutane har vist ein fantastisk kampmoral i heile haust, kjempa seg opp igjen om vi har lagt under og vunne fleire jamne kampar.
Kampen mot Gloppen går klokka 17.15.
Sundag 20. desember står Nornen 2 for tur.
SJÅ TABELL