Torbjørg blir sjef på Kuventræ
Torbjørg Brattabø er tilsett som dagleg leiar i Osbadet KF.
Styret i Osbadet tilsette på sist styremøte Torbjørg Brattabø (51), som ny dagleg leiar i Osbadet KF etter Bård Alfstad.
Brattabø har fungert som konstituert dagleg leiar sidan desember i fjor. Før det var ho tilsett som nestleiar i Osbadet. Ho starta i Osbadet 1. august 2007 og har erfaring både som badevert og i administrasjonen.
– Dette blir spennande. Det er ein kjempefin gjeng eg har med meg. I tillegg så skjer det jo så mykje spennande framover, med bygging av ny idrettshall og alt mogleg, seier Brattabø til Midtsiden.
Variert arbeidsplass
Brattabø trekk fram den store variasjonen i oppgåver når ho skal fortelja kva som motiverar i jobben.
– Den er veldig variert. Vi er ei passe stor bedrift, som gjer at vi må innom det meste i løpet av ein dag. Det gjer at vi får veldig varierte dagar.
– Den største utfordringa, i tillegg til byggjearbeidene har oppe no, er at vi har ope heile året. Det er berre sju dagar vi har stengd. Men det er ei positiv utfordring med synergiar mellom badet, idrettshallen og Actic. Alle som kjem hit gjer det jo av lyst, men av og til kan det vera ei utfordring å ha kontroll på alle greinane av verksemda.
Håper å få drifta av dobbelthallen
Osbadet KF starta med å drifta kun badet, etter kvart fekk dei også ansvaret for idrettshallen og resten av idrettsparken. Kven som får driftansvaret for den nye dobbelthallen er det kommunestyret som skal avgjera.
– Eg skal vera såpass ærleg å seie at eg håper vi får ansvaret også for den nye dobbelthallen. Då kan vi utnytta alle ressursane vi har på huset. Det trur eg vil vera ein fordel for idrettshallen også. Vi har to mann på drift og vedlikehald som veit kva det går i og korleis ein skal ta vare på utstyret på ein best mogleg måte, avsluttar Brattabø.