Lokal | 10. nov. 2009
Tørr veke - våt helg
Vi får meir sol før helga, men så kjem det dag etter dag med regn.


Kjetil Vasby Bruarøytysdag 10. nov. 2009 10:37
Tysdag morgon var det minusgradar på Os, og same klarvêr som måndag. Onsdag er det venta overskya, men både torsdag og fredag skal sola titta fram.
Det er meldt 5 varmegradar onsdag, 7 torsdag og 4 fredag. Temperaturen skal halda seg mellom 5 og 7 gradar i helga og ut i neste veke, men opphaldsvêret, det varar berre ut fredag.
Laurdag er det meldt 12 mm nedbør, sundag 13 mm. Også måndag til onsdag neste veke er det meldt regn.
Sjå 10-dagarsvarsel for Osøyro på yr.no.