Lokal | 31. juli 2013

Tøsdal utan straum

Både brannvesenet og BKK måtte rykka ut tysdag kveld.

Tøsdal utan straum
Brannvesenet rykte ut då det i går kom røyk frå denne masta. (Foto: Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. juli 2013 08:48

Tysdag i 18.30-tida kom det melding til 112-sentralen om røyk frå ei høgspentmast/trafo i Tøsdalvegen.

– Årsaka var varmgang i ein sikring, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Politi og BKK var også raskt på staden. BKK måtte ta straumen i området, men den var tilbake igjen ut på kvelden.

– Lyn kan vera årsak

– Når ein høgspentsikring ryker så slår den ut ein brytar. Det kjem eit smell og noko røyk, men er ikkje farleg, seier kommunikasjonsrådgjevar Kirsten Øystese hos BKK.

Montørane på staden brukte rundt tre kvarter på å skifta sikringa.

Rundt 20 husstandar var utan straum i perioden.

– Det er vanskeleg å seia kvifor sikringa rauk. Det kan ha vore høg belasting i går, men det kan også vera knytt til høgt forbruk i vinter, eller lynet som var i Os måndag, seier Øystese.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.