Tradisjon på sitt beste
Bildeserie: Eit av dei mest tradisjonsrike og klassiske barneskodespela besøkte måndag Oseana. Nye generasjonar fekk møta Karius og Baktus.
Då Riksteateret si framsyning for å heidra Torbjørn Egner, framsyninga Karius og Baktus, blei sett opp i Oseana blei billettane røska vekk. Heldigvis let det seg gjera å få til ei ekstraframsyning slik at endå fleire barn og vaksne kunne få glede av å møta dei to sjarmtrolla.
For besteforeldra og foreldra var nok framsyninga eit gjensyn med eigen barndom- og barne-TV-lærdom. For ungane var det eit møte med ein tradisjonsberar og ei kulturarv.
- Når vi får desse to på besøk må vi jo ta godt imot både dei og publikum.
- Derfor serverer vi alle som vil ha, deileg loff med sirup på, smiler kulturhusvert Janne Mari Hjelle i døra.
- Men, vi vil jo ikkje at ungane skal få hol i tenna, så vi har alliert oss med Colgate slik at dei får tannkrem når dei kjem ut igjen, forsikra ho.
"Vi vil ha loff"
Sjølv om loff med sirup på nok ikkje er det dei fleste av ungane plar ha til frukost, så var dei med då Karius og Baktus ba om hjelp til å få Jens til å eta favorittmaten.
Nettopp kontakten med publikum var kanskje noko av det som imponerte mest.
Linda Tørklep, Christine Stoesen og Jan Huse hadde dei nær 500 i salen i si hule hand heilt frå dei kom inn. Jan Huse, som forteljar, brukte ventetida til å gå rundt og helsa på dei små publikumerane.
Dei som hadde fått billett til ei av dei to framsyningane var heldige.
Neste barneframsyning i Oseana er barnemusikalen "Maju" 11. mai. I følgje omtalane den har fått i Bergen, vel verdt å få med seg.