Lokal | 02. sep. 2016

– Trafikk begge vegar på E39

No kan du igjen køyra begge retningar på E39 mellom Moberg og Svegatjørn.

– Trafikk begge vegar på E39
Slik såg E39 ut på tysdag. No er vegen asfaltert og opna for trafikk i begge retninger (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 02. sep. 2016 07:13

Etter fire månadar kor trafikken på E39 nordover har gått via Os sentrum er det no slutt.

– E39 er open igjen, no er det trafikk begge vegar, nord og sør, fortel ein Midtsiden-lesar entusiastisk.

Opninga blir stadfesta av Trygve Slåke i Veidekke, prosjektleiar for E39 Svegatjørn-Rådal.

– Eg var ikkje klar over at dei var ferdige allereie, men eg ser at trafikken går begge vegar, seier Slåke, som etter ein rask telefon til ein kollega på feltet får stadfesta at vegen er ferdig og opna i begge retningar.

Før tida

Då Midtsiden snakka med prosjektleiar Sverre Ottesen onsdag denne veka fortalde han at dei låg godt ann og at vegen ville opna seinast måndag morgon.

– Det kan hende at den opnar tidlegare om entreprenøren blir ferdig før, fortalde Ottesen.

Det blei dei, og no fredag morgon er vegen igjen opna for trafikk både sørover og nordover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.