Lokal | 17. des. 2018

Trafikk og fart gjennom Osøyro

Liv på Øyro 2: Resultat av måling og kommentarar til status.

Trafikk og fart gjennom Osøyro
Nesten 5000 bilar for dagen køyrer inn og ut av Brugata. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. des. 2018 12:07

I november var det fleire som fekk eit smil imot seg då dei køyrde inn i Os sentrum.

Men ikkje alle.

– Høgaste fart blei målt til 80 km/t. Det var inn Landboden, fortel Agnete Haugland frå teknisk drift i Os kommune.

Fartgrensa i Os sentrum er 30 km/t.

– Men det var heldigvis registrert låg snittfart, legg ho til.

Presenterte tala for prosjektgruppe

Onsdag 5. desember hadde prosjektgruppa Liv på Øyro 2 sitt andre møte. I tillegg til å diskutera nytt parkeringshus sto resultat frå trafikkteljinga på plakaten.

Det var sett opp fire teljepunkt, altså alle innkøyringane til sentrumkjerna; i Landboden, Brugata, Øyro og ved bommen framfor rådhuset.

Nokre stadar er målt på nytt. Her er eksempel på tal:
(ÅDT, snitt per dag året gjennom)
Torgata 1.449
Øyro 1.884
Brugata 4.805 (sum, inn-ut etter ny teljing)

Neste steg i kartlegginga er trafikkanalyse for Os sentrum.

Vil unngå skiltjungel

Etter å ha fått tala presentert diskuterte medlemmane av Liv på Øyro 2 fleire faktorar med trafikkbildet i sentrumskjerna.

• Fartsgrensa er i dag 30 km/t, bør den reduserast til 20 km/t?
• Bør det vurderast å gjera enkelte gater einvegskøyrd?

Eit eventuelt vedtak om å gjera enkelte gater einvegskøyrde blir fatta av Statens vegvesen.

– Éin ting er sikker, dagens situasjon er uhaldbar! seier varaordførar Marie Bruarøy (H).

På spørsmål om opplegget med shared space/delt plass fungerer som det skal, at all trafikk skjer på mjuke trafikantar sine premiss, hadde Nils Anders Nøttseter eit svar.

– Eg oppfører meg som om det fungerer, og krysser vegen der det passar meg. Det har til no fungert greit.

Kan dette med «shared space» forklarast med skilt?

– Eg er i alle fall opptatt av at ikkje Osøyro skal bestå av ein skiltjungel, sa ordførar Terje Søviknes (Frp).

I september blei det klart at Sesam Sesam skal koma med ny parkeringsløysing i Os sentrum.

– Då blir det desto viktigare med enkel og forståeleg skilting.

Trine Lindborg (Ap) påpeikte at det i gata Øyro var eit problem med at folk parkerer på begge sider av vegen, når det berre er lov å stå på rådhus-sida (og berre i 30 minutt).

Ho kommenterte òg at mange skildrar parkeringsforholda utanfor apoteket som kaotisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.