Politi | 18. apr. 2022

Trafikkontroll i Hegglandsdalen 1. påskedag

Sjekka 35 trafikantar.

Trafikkontroll i Hegglandsdalen 1. påskedag
(Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. apr. 2022 06:53

Søndag hadde politiet trafikkontroll på Hegglandsdalsvegen.

Frå klokka 11 til 12.30 kontrollerte dei 35 trafikantar for promille. Det blei samtidig kontrollert dokument og teknisk.

– Det blei ingen reaksjonar, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Han fortel om ein elles roleg søndag i Os.

Lang kø på E16

Osingar på veg heim frå påsketur på Voss og lengre aust fekk ei tidkrevjande heimreise.

Eit uhell med ein bil som mista eit hjul i Dalseidtunnelen nær Evanger skapte først kø.

Då denne var fjerna hadde det hopa seg opp, og turen mellom Voss og Os tok nesten to timar lengre tid enn normalt.

Leiteaksjon på Hafskor

På Hafskor på Fusa-sida var det i går ein leiteaksjon etter ein turgåar som ikkje hadde kome heim til venta tid.

Redningshelikopter og hundepatrulje deltok i søket.

Mannen blei funnen i god behold. Han hadde søkt ly på ei hytte, og blei tatt med ned frå fjellet i redningshelikopter.

Branntillaup i seglbåt

Søndag var brannvesenet i Vargavågen.

Der hjelpte dei til å fjerna to batteri som hadde kokt under lading.

Batteria sto i ein seglbåt då brannvesenet blei varsla.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.