Det er trafikale problem over Vallaheiene torsdag morgon etter at eit vogntog sperrer vegen (ill: google maps)

Trafikkproblem på glatta

Nullføre og nedbør skaper problem både på Fanafjellet og Vallaheiene.

Av: Andris Hamre

Det blir meldt om fleire utfordringar i trafikken torsdag morgon.

Over Fanafjellet skal det vera småsleipt og snødekke. I morgontimane har ein bil sklidd av vegen på bysida av fjellet. Der skal det no pågå bilberging, men det skal vera mogleg å passera.

Klokka 08.13 meldte Vest politidistrikt at det også på E39 er problemer i trafikken.

– Vallaheiene - vogntog sperrer vegen på veg opp frå Os, trafikale problem, heiter det i meldinga frå operasjonssentralen.

Fleire saker