Lokal | 03. aug. 2012

Trafikkuhell på E-39

Trafikkuhell ved Liafjelltunnellen på Halhjemssida. Fekk sleng på bilen.

Trafikkuhell på E-39
Brannvesenet sikra bilen etter ulukka (foto: Varde Film & Media)
Andris Hamrefredag 03. aug. 2012 11:04

Omlag ti over halv elleve kom meldinga om eit trafikkuhell ved Liafjelltunnellen på E-39. Politi, brannvesen og ambulanse rykka ut til ulukka.

- Eg har ikkje så mykje informasjon førebels.

- Ulukka skal ha skjedd på Halhjemssida av tunnellen. Patrulja er på staden, fortalde politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor like etter ulukka.

Det skal berre ha vore ein bil involvert. Føraren skal etter det Midtsiden kjenner til ikkje ha fått alvorlege skader etter møtet med autovernet.

I følgje Morten Kronen ved operasjonssentralen skal føraren, ei ung kvinne, fått sleng på bilen og hamna i autovernet.

Det skal ikkje ha vore spesielt glatt på staden.

Vegen blei ikkje stengd. Øvrig trafikk blei dirigert forbi i motsatt køyrebane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.