Lokal | 18. sep. 2014

Trafikkuhell på Søfteland

Politiet fekk melding om eit trafikkuhell på Byvegen onsdag ettermiddag.

Trafikkuhell på Søfteland
(Ill. foto: KVB)
Kari M. Lyssandtorsdag 18. sep. 2014 09:14

Klokka 17.15 fekk politiet inn melding om to bilar som var involvert i ei ulykke på Byvegen.

– Det var ein bil som var blitt påkøyrd bakfrå av ein annan bil, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ulykka skjedde i 60-sona på E39 Byvegen på Søfteland.

– Det var eit lite uhell, men ein person i eine bilen klagde over smerter i ryggen. Dermed blei det oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.