Trafikkulykke i Øyane
Bil i autovernet på Røtingavegen. Førar mistenkt for promille.
Rett før klokka 13 tysdag formiddag kom det melding om ei trafikkulykke på Røtingavegen i Os. Politi, brannvesen, ambulanse og lege rykte ut på meldinga.
– Bil har køyrd i autovern. Politiet er på staden. Det er ikkje personskade og passasje forbi staden, melder politiet via Twitter.
Ulykka skjedde på Bruarøy mellom snuplassen og bedehuset.
Singelulykke
Det har berre vore éin bil involvert i ulykka. Førar, ein mann fødd på femtitalet, var åleine i bilen.
– Han framstår som uskadd, men blir tatt med til legevakt for sjekk, seier politibetjent Sindre Hallem til Midtsiden.
Bilen har kome over på feil side av vegen og køyrd inntil autovernet eit lengre stykke. Begge framhjul er punktert og det eine er ute av stilling.
Mistanke om promille
Klokka 13.14 melder operasjonssentralen at bilen no er taua vekk frå staden.
– Bilførar er mistenkt for promillekøyring. Politiet sikrar blodprøve, heiter det i meldinga frå politiet.