Lokal | 02. sep. 2020

Trafikkulykke på Hauge

Oppdatert: Skuter velta på Hatvikvegen

Trafikkulykke på Hauge
Det var i morgontimane ei trafikkulykke i krysset på Hauge. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 02. sep. 2020 06:40

Klokka 08.25 kom det melding om ei trafikkulykke på Hatvikvegen.

Vest politidistrikt skreiv på Twitter at ein mopedist hadde velta.

Politi og ambulanse var raskt på staden.

Skuteren glei fleire meter på asfalten, men førar, ei kvinne i 40-åra framsto som lettare skada. (Foto: KVB)
Skuteren glei fleire meter på asfalten, men førar, ei kvinne i 40-åra framsto som lettare skada. (Foto: KVB)

Såg ikkje skuteren

Årsaka til ulykka skal vera at ein bilist som køyrde ut i Hatvikvegen frå Hegglandsdalen ikkje såg ein skuter som kom frå Hatvik.

Til Midtsiden seier bilføraren at han ikkje såg skuteren før det var for seint.

– Eg såg ikkje skuteren før eg var kome ut av krysset. Då bremsa vi begge to, men ho velta.

Det skal ikkje ha vore alvorleg samanstøyt mellom bil og skuter, men skuteren glei nokre meter, og laga ein liten skade nedst på bilen.

Førar av skuteren, ei kvinne i 40-åra, framsto som lettare skadd, og er sendt til legevakt i Bergen for røntgen.

OPPDATERT: Politiet tok beslag i førarkortet til bilførar. Han samtykka i beslaget.

Det var ei tid lengre køar i området. (Lesarbilde: Anzela Anusevic)
Det var ei tid lengre køar i området. (Lesarbilde: Anzela Anusevic)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.