Lokal | 26. nov. 2020

To trafikkuhell på Hetleflåten

Politiet rykte ut etter meldingar om lange køar på E39.

To trafikkuhell på Hetleflåten
Først var det eit trafikkuhell, så blei ein hjort påkøyrd. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 26. nov. 2020 17:41

Klokka 17.25 fekk operasjonssentralen til politiet melding om lange køar ved Hetleflåten på E39.

Ein patrulje frå det lokale lensmannskontoret rykte ut til staden.

Operasjonssentralen fortel til Midtsiden at køana skuldast ei påkøyrsle bakfra, og at det ikkje var personskadar.

– Patruljen assisterte partane på staden. Det blir ikkje oppretta sak frå politiets side, då dette er ei rein forsikringssak.

Rett før klokka 18.30 avslutta politiet arbeidet på staden. Trafikken gjekk då om normalt i området.

Det eine køyretøyet blei transportert vekk ved hjelp av redningsbil.

Kort tid etter det første uhellet blei ein hjort påkøyrd i same område. Viltkontakt blei varsla.

Like før klokka 18.30 vart arbeidet avslutta på staden. (Foto: KOG)
Like før klokka 18.30 vart arbeidet avslutta på staden. (Foto: KOG)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.