Trafikkulykke på Ulvensletta i natt
OPPDATERT: Skal ha bremsa for ein hjort - seks ungdommar til legevakt etter at to bilar var innblanda i ei ulykke. Den eine bilen hamna i grøfta.
Bildeserie:
Rundt klokka halv to i natt var det ei trafikkulykke på Ulvensletta, like ved Vaksinen og flystripa.
Brannsjef Stein Gjøsund fortel til Midtsiden at to bilar, begge i retning Hagavik, kolliderte. Den eine bilen hamna i grøfta.
– Helse og brann var raskt på staden, og seks ungdommar vart køyrt til legevakten for vidare sjekk, fortel Gjøsund.
Begge bilane vart henta av bilbergar.
Seier dei bremsa for hjort
Politibetjent Sindre Hallem ved Os lensmannskontor fortel at det er oppretta sak etter hendinga i natt. Han legg til at foreløpige forklaringar tilseier at den eine bilen bremsa for hjort i vegbanen.
– Korleis dette leia til kollisjonen mellom dei to bilane vil den vidare etterforskinga visa, avsluttar Hallem.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.