Trafikkulykke på Ulvenvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 

Påkøyrd hjort slengt i fronten på møtande bil

To bilar og ein hjort var involvert i ei ulykke på Ulvenvegen i kveld.

image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Rett over klokka 18 kom det melding frå 110 Hordaland på Twitter at det hadde vore ei trafikkulykke ved Spar-butikken på Ulvenvegen. 

Politi, brannvesen og viltkontakt rykte ut.

To bilar var involvert; den eine skal ha køyrd på ein hjort. Hjorten blei vidare slengt i fronten på ein møtande bil. Hjorten skal så ha hamna under denne bilen, og døydde. 

– Det var ei mor og ei dotter i bilen som fekk hjorten slengt i fronten. Ingen av dei framsto som skadd, men dottera er til legevakt for sjekk, seier politioverbetjent Atle Birkeland til Midtsiden.

Ulykka skjedde i svingen mellom Spar og Os Maskinering.

– Det er to hjortetråkk opp den bratte skråninga mot Os Maskinering, seier ein jeger og kjentmann, og viser to tydelege stiar.

Den første bilen som trefte hjorten hadde retning Skeie, og er køyrbar etter samanstøyten.

Klokka 18.25 starta dirigering av trafikk på staden, og like over klokka 18.30 kom det bergingsbil til staden. Denne bilen blei skadd, og blei fjerna av bergingsbil klokka 18.43.

Klokka 18.45 vert det meldt at vegen er opna for trafikk att. 

Fleire saker