Klokka 09.05 onsdag morgon fekk politiet melding om trafikkproblem nær Halhjem ferjekai.
- Ein trailer fekk problem med bakken opp frå kaien mot Halhjem Kafé. Ein patrulje er på staden for å dirigera trafikken medan det blir jobba med å få traileren vidare på E39, seier lensmann Rasmus Dalen.
I 12-tida fekk vi stadfesta at traileren har kome seg vidare og at trafikken igjen går som normalt.
- Vi har også hatt ein del trøbbel på Vallaheiane, men også der skal det no ha løyst seg. Fanafjellet har vi ikkje fått nokre meldingar på, så der går nok også trafikken etter forholda greit, seier operasjonsleiar Asbjørn Andersen i Hordaland politidistrikt.
Det har snødd ein del også natt til onsdag, og det snør framleis. Ifølgje yr.no skal det snø fram til klokka 16.30 i dag, for så å bli opphaldsvêr dei neste 10 dagane.
Lokal | 24. feb. 2010
Trailer sto fast
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2010 08:37
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.