Lokal | 30. mars 2020

Trailer sto fast på Ole Bulls veg

Då politiet kom fram var den vekke.

Trailer sto fast på Ole Bulls veg
Vegen er skilta, men problemet med fastkøyrde lastebilar og bussar dukkar framleis opp. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. mars 2020 11:37

Måndag klokka 10.50 fekk politiet melding om trailer som sto fast i ein sving på Ole Bulls veg.

Hengaren skal ha vore ute i grøfta, ifølgje ein trafikant si oppdatering på Facebook-gruppa Trafikkmeldinger Fanafjell.

– Då patruljen vår kom til staden var bilen vekke og vegen open, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Både bussar og vogntog har med ujamn frekvens køyrd seg fast på Ole Bulls veg. GPSar ser ut til å foreslå den kommunale vegen, i staden for fylkesvegen om Åsen, Lyseklostervegen.

Sjåførane overser skiltet som seier maks 3 tonn og 8 meter lengde.

I februar i fjor blei det skrive ut eit forelegg på 5.500 kroner til ein lastebilsjåfør. Vedkomande brukte ein time på å bli dirigert baklengs til Lysefjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.