Kultur | 05. nov. 2009

Trappar opp mot helg

Filmfestivalen WT er halvvegs i programmet. Etter ein god start ser arrangørane no fram til torsdagens storfilm, fredagens Værekraft og quiz - og gallakvelden laurdag.

Trappar opp mot helg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. nov. 2009 10:58

Bildeserie:

1 av 3

- Sidan vi utvida programmet til å gå over to heile helger har det ikkje blitt så hektisk for oss arrangørar, seier festivaldirektør Espen Hjertaas.

Festivalen starta med «surprise»-filmen frå i fjor, «Død Snø» laurdag 31. oktober, og heldt fram med rikt kulturprogram toppa av «Tunheim: The Movie» på kvelden.

- Vi har hatt ein god start, med ein liten opningsfest i helga og spesielt godt barnehage- og skulebesøk i veka, seier Hjertaas.

Seint onsdag kveld var det avslappa stemning i den tema-dekorerte foajeen i Fjellheim. Filmane «Spanske fluer», «Pinprick» og «Liten Penis» var ferdige. I salen sat rundt 40-50 gjestar og fekk med seg årets «Surprise», ein nesten ferdig storfilm som Midtsiden.no ikkje fekk informasjon om.

- No trappar vi opp mot helga, torsdag og fredag har innhaldsrikt program, og gallaen laurdag blir spektakulær, lovar Hjertaas, og siktar blant anna til dekoratør Elin Søfteland, som kjem med endå fleire effektar til årets tema: Eventyrsjangeren.

HER ER NOKRE AV HØGDEPUNKTA TORSDAG OG FREDAG:

Dilberts Åtte Dagar
Tyrkisk (engelske tekstar) prisvinnar-drama om ei ung, fattig jente som nektar tvangsekteskap og fortel heile landsbyen at ho vil gifta seg med den første og beste.
Regi: Cemel San
Lengd: 106 min.
Tid: Torsdag kl 18.00

Running in Traffic
Skotsk drama om to mennesker, prega av sorg, som ville ha passa perfekt for kvarandre, men kjem dei til å møtast? Filmen følgjer liva deira parallelt, og viser korleis sjebnane deira tar nye, mørkare vendingar. Debutfilmen til Corlett blei nominert for beste rolleprestasjon under BAFTA Skottland.
Regissøren Dale Corlett kjem sjølv til Os og Fjellheim under festivalen.
Lengd: 96 min.
Tid: Torsdag kl 20.00

Strigoi
Ein legestudent som verken fekk fullført skulen eller fekk det livet han hadde håpa på i Italia, vender heim til Romania. Men livet i heimbygda er ikkje som før. triogi er ein lettbeint og annleis vampyrfilm.
Regi: Faye Jackson
Lengd: 105 min.
Tid: Torsdag kl 22.00

Værekraft
Dokumentar om lykke og fysisk og psykisk sjukdom. Les meir her.
Regi: Pål Winsents
Lengd: 59 min.
Tid: Fredag kl 17.00
Samtale med flmskapar i kafeen frå kl 18.

Filmquiz
I kafeen frå klokka 20.30

Black Metal Pilgrimage
Regissør Pål Aasdal følgjer Aiden og Amanda frå USA på ferie i Noreg for å besøka stadar og personar frå svartmetallens gullalder på 90-talet. Dei reiser blant anna til Oslo, Bergen og Os, og filmen innheld samtalar med osingen Olve Abbath Eikemo frå Immortal.
Lengd: 37 min.
Tid: Fredag kl 21.45

For full program sjå wt-festivalen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.