Sport | 14. juni 2011

Travle dagar

Hos reisebyrå og turoperatør merkar dei at folk byrjar å bli lei "haustvêret". Det gjev travle dagar.

Travle dagar
Andris Hamretirsdag 14. juni 2011 13:35

Med langtidsvarsel som lover meir regn kan nokon og ein kvar la seg frista av håp om sol og varme i sydlegare strøk.

- No er det telefonar heile tida, fortel Britt Halhjem hos Os reisebyrå.

Til sjøs i Middelhavet

Spesielt etterspurnaden om cruise i Middelhavet har dei merka ein auka etterspurnad etter.

- Tilbodet om cruise i Middelhavet er no så stort og godt at mange har lyst til å freista denne ferieformen, fortel Halhjem.

Ho fortel at mange av dei største cruiseskipa som normalt går i Karibien no har teke turen over Atlanteren og seglar mellom dei forskjellige landa i syd-Europa om sumaren.

- Det er ein perfekt ferieform om du vil ha ro og fred, men samstundes oppleve mykje.

- Skipa er innom ei rekke flotte destinasjonar som Barcelona, Nice, Roma og Napoli for å nemne nokon.

Halhjem trur at cruise og kan vera eit godt alternativ for barnefamiliar.

- På skipa finn ein mykje av det same som en finn på charterturar med barneklubbar og aktivitetar, forklarar Halhjem.

Rutefly og leigehus

Etter at Norwegian har starta direkteflygningar til Kroatia har reisebyrået merka ei auke i etterspurnaden etter løysingar der nede.

- Vi hjelper folk med å sy saman pakkar av fly, leigebil og husvære.

- Folk har gjerne lyst til å ha nokre dagar kor dei fartar rundt og opplever ting, kombinert med nokre dagar i ro, forklarar Halhjem.

Ein anna skreddersaum dei har mykje spørsmål om er Eurodisney.

- Der ligg det jo mange fine hotell heilt opp mot parken, så det er mange som kjem til oss for å få hjelp til å bestilla fly, hotell og inngang til parken.

Fullt fly

Os reisebyrå sel charterturar for Ving, Apollo og Vitaltour med avreise frå Bergen.

Hans Parnefält i Vitaltour forteller om en veldig god start på sumaren for deira del.

- Vi hadde første fly til Kypros i går, og det var fullt.

- Også i dei komande vekene byrjar det å bli mindre med plassar.

- Vi har framleis nokre veketurar ledige, men to-vekersturane er det dårlegare med, fortel Parnefält.

Om du vil sikra deg tur i løpet av fellesferien tilrår han at du ikkje ventar for lenge før du bestemmer deg.

- Folk vil jo gjerne ha med seg familien på fire-fem personar på same fly og til same hotell, og då nyttar det ikkje vente for lenge, seier turoperatøren med eit smil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.