Lokal | 29. des. 2019

Tre dagar igjen: Mobiliserer for Brit

– Vi vil minna folk på å stemma frå både mobil, nettbrett og pc, seier trioen frå Os Turn Handball.

Tre dagar igjen: Mobiliserer for Brit
Ingerid Verpe Jacobsen, Jan Norbeck og Camilla Førsund på stand på Osøyro i går. Tysdag er siste dag du kan stemma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 29. des. 2019 09:49

Måndag 2. desember marsjerte NRK, med ein stor hale på slep, inn i Os Idrettspark for å gi Brit Eirin Tungeland beskjed om at ho er ein av fem finalistar i kåringa av Årets ildsjel under Idrettsgallaen på Hamar laurdag 4. januar.

Over 500 var nominert. Vinnaren blir avgjort ved avstemming i perioden 14. til 31. desember.

• Les òg: Handballvenar hyllar Brit Eirin

Det er knappe tre dagar igjen å stemma på. I går sto tre representantar frå Os Turn Handball på stand på Osøyro i regnvêret. Dei måtte innimellom bruka gamle handballrefleksar for å grabba tak i teltet, så ikkje vinden tok det med seg.

– Ruth Moberg er også med oss, men ho kjører rundt på butikkar i vinmonopol med flyers, seier Ingerid Verpe Jacobsen, Jan Norbeck og Camilla Førsund.

– Kva er hovudbodskapen i dag?

– Det går jo berre an å stemma éin gong, og det er nok mange som allereie har stemt. Men vi vil minna folk på å stemma, og at dei kan stemma frå alle «einingar», pc, nettbrett, mobil - og oppmoda ungane om å stemma på Brit!

• Idrettsgalla.no - her kan du stemma

Bjørnafjorden kommune kan få tre prisvinnarar

Sandvolleyballspelar Anders Mol frå Strandvik i Fusa er òg blant dei nominerte, som utøvar på årets lag saman med Christian Sandlie Sørum. Anders sin far, Kåre, er nominert som årets trenar.

Karsten Warholm (med familie i Os), Johannes Thingnes Bø, Martin Ødegaard og Ada Hegeberg er blant andre nominerte.

Her er lista over alle idrettsutøvarane som kan vinna pris under Idrettsgallaen på Hamar 2020.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.