Sport | 25. apr. 2017

Tre frå Os blei meister i feltskyting

Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle vann kvar sin klasse i Hordastevnet. I tillegg plukka Os Skyttarlag med seg to sølv og ein bronse.

Tre frå Os blei meister i feltskyting
Sofia Dale, Sofie Evensen og Reidar Dahle blei hordameister i kvar si klasse på feltskytinga (privat foto)
Andris Hamretirsdag 25. apr. 2017 12:39

Bildeserie:

Sofia Dale, Sofie Evensen og Amalie Evensen skaut til sølv i lagkonkurransen (privat fotot)
Sofia Dale, Sofie Evensen og Amalie Evensen skaut til sølv i lagkonkurransen (privat fotot)
1 av 1
Sofia Dale, Sofie Evensen og Amalie Evensen skaut til sølv i lagkonkurransen (privat fotot)

Skyttarsesongen har kome godt i gang. Helga 22. og 23. april arrangerte Voss skyttarlag Hordastevnet i feltskyting, og skyttarane frå Os viste at formen allereie er inne.

– Sofie Dale vann klasse rekrutt med 34/4, Sofie Evensen vann eldre rekrutt med 42/9 og Reidar Dahle vann V73 med 42/10, skriv Geir-Wiggo Dale i ei melding til Midtsiden.

Søstre i skotet

Som om ikkje det var nok, markerte dei to andre Evensen-søstrene seg i sine klassar.

– Amalie Evensen blei nummer tre i junior-klassa med 39/6 og lillesøster Maren Evensen fekk ein fin fjerdeplass i klasse rekrutt. Ho låg som nummer seks etter den innleiande skytinga, men klatra to plassar etter flott finaleskyting og fekk 30/3 som slutresultat, fortel Dale.

Sølv i lagskytinga

Dei talentfulle juniorane viste at dei ikkje berre er individuelle utøvarar, men òg at dei kan gjera det skarpt som lag.

– Laget, som besto av Sofia Dale, Sofie Evensen og Amalie Evensen skaut bra og hamna til slutt på ein fin andreplass.

– Totalt var det 11 skyttarar frå Os skyttarar med på Hordastevnet, dei tre veteranane og seniorskyttarane som i tillegg var med fekk nokre bommar her og der på dei ulike holda, noko som gjorde at dei falt eit stykke ned på listene, men totalt sett er laget meget nøgd med innsatsen på Voss, oppsummerer Dale.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.