Lokal | 17. juli 2018

Tre golf-skuterar stolne frå Hauge

Golfklubben er utsett for hærverk og tjuveri, politiet ber om tips.

Tre golf-skuterar stolne frå Hauge
Denne golfskuteren blei funnen igjen, to andre er framleis sakna frå Bjørnefjorden Golfklubb. (Privat bilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 17. juli 2018 07:31

Då tilsette kom på jobb på Bjørnefjorden Golfklubb måndag morgon oppdaga dei at anlegget har blitt utsett for hærverk og tjuveri.

– Nokon har vore her natt til måndag og herja og stole, fortel dagleg leiar Per-Ove Bahus Lysvold.

Ein arbeidsbil av traktormerket John Deere Gator er forsøkt tjuvkopla og er no defekt.

Tre elektriske golfskuterar er stolne, berre éin av dei er funne igjen.

– Det sto fire slike skuterar parkert her oppe. Desse er i privat eige. Tre av dei var vekke, men vi har funne éin igjen. Den er øydelagt.

Ein ny golfskuter kostar rundt 50.000 kroner.

– I tillegg til verdien av desse står tre medlemmar no utan sjanse til å spela golf på ei stund. Dette er personar som er glade i idretten, men som treng køyretøy for å koma seg rundt på det store anlegget.

Lysvold fortel at det er tydelege spor etter villmannskøyring med skuterane på greenane på Hauge. Fleire flagg er knekte, men det er heldivis så tørt i bakken at ikkje det fine graset er særleg skadd.

Politiet ber om tips

Politiet har vore på golfbanen både i går og i dag.

No håper dei at nokon har kjennskap til kven som har vore på anlegget seint søndag kveld eller natt til måndag.

– Vi håper òg at dei to siste skuterane blir funne igjen, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

Leiinga ved golklubben har sett etter desse på heile anlegget utan å finna dei. Det ser med andre ord ut som om dei ikkje berre er tjuvlånt på staden, men at nokon har tatt dei med seg.

Du når Os lensmansskontor på 56303900.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.