3. juli opna valavlukka for tidleg forhandsrøysting til stortingsvalet 2017. I kommunetorget på rådhuset kan ein no gjera si borgerplikt om ein allereie har bestemt seg for kva parti ein skal røysta på.
– Det er ikkje så mange som pleier å nytta seg av moglegheiten for tidleg forhandsrøysting, men vi har faktisk allereie hatt tre som har gjort det, fortel Elisabeth Vinje Nydal i valsekretariatet.
Kun på parti
Ved tidleg forhandsrøysting kan ein kun stemma på parti og ikkje gje ekstra røyster til personar på den lista du røyster på.
– Det er ikkje ordinære stemmesetlar som no ligg ute, men ei partiliste. Der kan du kryssa av for kva parti du vil stemma på. Setelen blir så stempla, lagt i ein konvolutt som du legg i urna.
– Ordinære stemmesetlar vil vera tilgjengeleg når den ordinære forhandsrøystinga opner 10. august.
Tidleg forhandsrøysting er eit tilbod til dei som av ulike grunner ikkje har tid eller anledning til å røysta i den ordinære forehandsrøysting eller på valdagen 11. september.
Os kommune har frå i år desse valkrinsane: Sentrum, Os Nord, Søfteland, Lysekloster, Nore Neset og Søre Neset.