Kultur | 21. des. 2017

Tre julegåver frå Tysnesfest

Statsraad Lehmkuhl, Podtell og fire nye artistar til Tysnesfest.

Tre julegåver frå Tysnesfest
Slik ser Tysnesfest for seg at Podtown kan bli like utanfor Våge under festivalen 11.-15. juli 
Andris Hamretorsdag 21. des. 2017 07:37

Tysnesfest har dei siste dagane før jul kom med den eine julegåva etter den andre.

– Vi lanserer to nye konsept for våre tilreisande festivalgjester, fortel Øystein Vaage, dagleg leiar i Tysnesfest.

Det første er Tysnesfest-cruise med Statsraad Lehmkuhl.

– Det kan ikkje bli enklare: Torsdag 12. Juli pakker du festivalsekken. Midt i hjartet av Bergen stig du om bord i majestetiske "Statsraad Lehmkuhl". Seilskuta tar deg trygt og godt gjennom nydeleg skjærgard heilt til Tysnes, der ho legg til kai midt i Våge sentrum. Derfra er det gongavstand til Gjerstad arena og alle dei flotte konsertane våre. Du søv om bord i seilskuta. Når festivalen er ferdig blir du frakta heilt tilbake til Bergen sentrum, der du sundag 15. juli stig i land full av minner for livet, seier Vaage.

Statsraaden blir liggande som eit nydeleg skue midt i Våge.

Verdsnyhet til Tysnesfest

Det andre konseptet er Podtown, konteinarar innreia med overnattingsplassar.

– Gründer Eirik Kalve frå Austevoll skulle på Tysnesfest 2016. Festivalbillettar var i boks, men han var for seint ute med bestillinga av lugar på hotellskipet vårt, så han kom seg aldri til festivalen det året. Det blei i staden ein ekstra dag på hytta med svigermor. Men Eirik fekk ein lysande idè og sette seg ned og skissa opp ei teikning på ei yatzyblokk. Ideen er no sett i live og i byrjinga av desember kom den første prototypen kom til Noreg i byrjinga av desember.

– Podtellet blei plassert på kaien i Våge, og for å halde på mystikken pakka vi det inn i ein stor presenning. Laurdag 16. desember klaffa været heilt perfekt og vi fekk MS Samba til å løfta det ut på Prestaskjæret der fyrtårnet ved innseglinga til Våge ligg, kor det vart ein fotosession og litt reklamefilming før podellet blei frakta ut til Austevoll kor det no står.

– Podtown blir lokalisert ikkje så langt frå Våge, og vi vil ha shuttlebussar som frakter gjestane fram og tilbake. Her vil ein søva varmt, godt og ikkje minst tørt, seier Vaage.

Fire nye artistar

Som den siste julegåva lanserer Tysnesfest fire nye artistar.

– Det er eit fint knippe vi no slepp. Til Tysnesfest kjem Susanne Sundfør, Miss Tati, Gardsbruk og The Vossarebels.

– Susanne Sundfør er Noregs popdronning. Vi er utruleg stolte over endeleg å ha fått ho til Tysnesfest.

– Miss Tati er Bergens eigen, multikulturelle popdronning. I april i fjor varma ho opp for Sondre Lerche på Tysnesfest sin kickoff, og hennar opptreden der gjorde at me der og då ba ho koma tilbake i 2018.

– Sotra-bandet Gardsbruk spelar country på dialekt, og det swingar! Me snakkar spreke gitarriff, god driv, humor og galskap. Tekstane gjenspeglar livet i bygde-Noreg.

– The Vossarebels er verdas yngste rockabillyband som tilsaman er knapt 60 år. Bandet skriv eigne låter som du kjenner att frå ein periode der stil og brylkrem betydde alt. Musikken spelar dei med intens autoritet og innsatsvilje, og gitaren på nakken.Me såg bandet for fyrste gong på bransjetreffet 100 dagar på Stord i fjor og me fekk verkeleg kjenna på kroppen kor energiske og rå dei unge karane er. Det passa dessverre ikkje inn i deira plan å komma til Tysnesfest 2017, men no er me glade for å få dei på plakaten, avsluttar Øystein Vaage.

Følgjande artistar er til no klare for Tysnesfest: Susanne Sundfør, Miss Tati, Bigbang, Adam Douglas, Gåte, Kari Bremnes, Gardsbruk, The Vossarebels.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.