Sport | 25. aug. 2009

Tre lag i finale i dag

Tre lag frå Os spelar finale i opningscupen i haukelandshallen tysdag ettermiddag.

Tre lag i finale i dag
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. aug. 2009 13:29

Jenter 13, gutar 13 og gutar 14 blei måndag kveld klare for finale i sine klassar i årets opningscup i handball i Haukelandshallen.

Alle finalane blir spelte tysdag kveld.

I jenter 13 vann Os 2 over Os 1 i semifinalen - finalen går mot Bjørnar klokka 18.00.

Gutar 13 slo Bønes i ein jamn semifinale, i finalen klokka 18.30 ventar Fyllingen.

Gutar 14 slo Fyllingen i ein thriller av ein semifinale, med eitt målssiger gjekk dei vidare til finale mot Tertnes. Denne kampen går klokka 21.00 (utsett frå klokka 20.00).

Også J14, J15 og G12 frå Os tok seg til sluttspelet i opningscupen, men dei rauk dessverre ut i kvartfinalane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.