Tre låter på Eirik
Finalelåtane er klare! Eiriks eigne "Gonna Go My Way" og finalelåta "What it feels like" er to av dei. Den siste har dommarane plukka ut. Les Eirik sin reaksjon på låtvalet.
Fredag står Eirik Søfteland på scenen i Oslo spektrum framfor 8000 tilskodarar i finalen på Idol. No er låtane klare.
Eirik skal synga:
"Gonna Go My Way" - Sjølvvalgt og eigenkomponert
"Bad" av Michael Jackson - valgd av dommarane
"What it feels like" - Finalelåta som blir given ut fredag.
Eirik blir litt tatt på senga då vi ber om han sin umiddelbare reaksjon på låtvala.
– Eg trudde dei ikkje var offentlege enno, men det blir heilt konge dette.
– Alle låtane er up-tempo og rock & roll.
– Det at dommarane valde ei Michael Jackson-låt til meg er eg glad for. Eg er dødsglad i Michael Jackson.
– "Bad" er ei rocka låt med mykje trøkk, så den skal eg klara å gjera ein feit versjon av, fortel ein hektisk Eirik Søfteland på telefon frå Oslo.
Country vs Rock
I finalen blir det country mot rock, gut mot jente, Hordaland mot Rogaland. Det blir garantert eit vanvittig trøkk.
– Siri har vore country-jenta som har imponert heile vegen med sitt yndige vesen, og si nydelege stemme.
– Eirik har vore den utagerande rockaren som har vist ein voldsom allsidigheit.
– Sjåarane får to vidt forskjellege artistar å velja mellom under årets finale, slår pressesjef Bjørn Laastad i TV2 fast.
Same låt - unike versjonar
Ei låt skal dei båe framføre, nemleg finalelåta "What it feels like".
– Låta er skriven av Idol-mentor Lars K. Hustoft saman med Yngve Høyland og Are Weisten.
– Det blir to heilt unike versjonar, trur Laastad.
I tillegg til finalelåta syng Siri Vølstad Jensen "Good girls gone bad" (sjølvvald av The JaneDear Girls) og dommarlåta "Some Nights" av Fun.
Få eit gjensyn med "Gonna Go My Way" i videoen nedanfor.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.